I haust fekk me ein ny ide, då Beatrice Cipelli frå destination management på Silversea Cruises kom inn på turistkontoret og utbraut: «Are you selling water in plastic bottles??»

«Jammen, det er jo vatn frå Isbre, produsert lokalt, i Osa», forklarte me. Me forsto at ho var veldig miljøbevisst, og samstundes skrytte ho av vatnet me hadde i springen: «You have such a good, high quality tap-water, why don’t you give out tap water for free, and then you can sell drinking bottles??»

Som sagt, så gjort. Og her er resultatet. Me bestilte ein vannautomat og fargerike drikkeflasker med visiteidfjord.no på. Me fyller automaten med vatn frå springen, gir gratis vatn og sel drikkeflaskene. 🙂


Kilde: klipp fra nyhetsbrev fra Destinasjon Eidfjord