Profilerte innlegg

Fjord Tours satsar på vinter i Hardanger


«Hardangerfjorden i et nøtteskall vintertur» heiter den nye turen som skal gå frå Oslo og Bergen via Rosendal, Odda, Lofthus til Eidfjord. I Eidfjord er det inkludert vinteraktivitetar, hotellovernatting og besøk på Norsk Natursenter, før gjestene reiser vidare til Voss med tog tilbake til Bergen eller Oslo.

Turen er lagt opp med offentleg transport, den skal i 2019 gå dagleg måndag – fredag (unnateke vinter- og påskeferie pga skulebussen som dei nyttar i Eidfjord) i perioden 14. januar – 30. april.

Sidan dette er ein tur som individuelle gjester bestiller på nett, er det vanskeleg å vite kor mange som vil benytte seg av tilbodet. Men Fjord Tours har stor tru på at dette vil verte ein populær tur!

No gjenstår kun eit par korrekturar i teksten på nettsida deira, og så er turen bookbar og klar. Då vil Fjord Tours pushe på med marknadsføringa i bl.a. sosiale media. Sjekk den nesten ferdige beskrivelsen HER.

Me ser fram til oppstart 14. januar!


Kilde: Destinasjon Eidfjord 

Profilerte innlegg
Hyttebygging i fjellheimen
Profilerte innlegg
Norges største museumsarrangement braker løs
Profilerte innlegg
Nordisk forskningssymposium i reiseliv, Alta 24.-26. september 2018
There are currently no comments.