Profilerte innlegg

Nok ein rekordsommar i Eidfjord!


Det er interessant å sjå kor mange som går inn dørane på turistkontoret i løpet av ein sesong! Og kundeteljaren vår har talt: 152.419 personar gjekk inn dørane våre i perioden frå april tom oktober 2018, det er 19% fleire enn i fjor.

Dette seier litt om kor travelt det har vore i skranken i sommar, ikkje berre på cruisedagar. Også på ein heilt vanleg sommardag utan cruisegjester kan det vere over 1.000 gjester innom turistkontoret på ein dag!

Sjølvsagt er det slik at ein stor auke i antal cruisegjester påverkar talet, og det at me også sel billettar og aktivitetar til cruisegjestene, gjer at det er ekstra travelt i skranken. Me har hatt 88 cruiseanløp med totalt 133.636 passasjerar som har besøkt Eidfjord mellom 2. april og 23. oktober i år. Me kan røpa at me har solgt billettar og aktivitetar til både cruisegjester og andre gjester over skranken på turistkontoret for meir enn 6,3 mill kr, det er 50% meir enn i fjor! Og me kan vel seie at 90% av denne omsetninga går til Eidfjord-bedrifter.

Hurra for oss og sommar-hjelpane våre! Me ser for oss at eit godt fungerande bookingsystem, der gjestene kan bestille aktivitetar og billettar online, er noko me må jobba med i framtida.

Utbygginga ved Vøringsfossen og fantastiske fornyingar ved Norsk Natursenter er store ting som har skapt og fortsatt skapar auka interesse for destinasjonen. Når me i tillegg får fleire nye, mindre nisjeprodukt å tilby i bygda vår, er alt dette med på å dra fleire både dagsbesøkande og overnattingsgjester til Eidfjord. Det er ikkje utan grunn at me i haust vart nominert til Seatrade si utmerking «Destination of the Year 2018» og fekk 2. plassen, berre slegen av Dubai!

Og me må jo vise fram det me har å tilby! Me har i eigen regi eller i samarbeid med Visit Hardangerfjord og Fjord Norge også i år gjennomført fleire visningsturar og møter med turoperatørar, presse- og filmfolk, reisebloggarar og andre både frå inn- og utland. Når desse inkluderer og skriv om Eidfjord så vert det sjølvsagt god reklame for bygda vår.

Tal kommersielle overnattingar på hotell og hytter/camping i Eidfjord viser god vekst i 2018, både i forhold til i fjor og året før. Det same gjeld losjiinntekt og omsetning pr solgt hotellrom. Me anbefalar å fylgja med på www.statistikknett.no. Her kan ein søke opp Eidfjord, og velgje periodar/månader ein vil sjå nærare på. Me må ta hensyn til at det var ein feil i rapporteringa til SSB i 2017, slik at det blir rettast å samanlikne 2018 med 2016-tala.


Kilde: Destinasjon Eidfjord

Profilerte innlegg
Scandic klare til å rocke Oslo med Tons of Rock
Profilerte innlegg
Opplevelsesbransjen har vokst med 280 prosent i Nordland!
Profilerte innlegg
Er dette starten på en nasjonal satsing på landstrøm?
There are currently no comments.