Kvart år får norske verdsarvstader tilskot over statsbudsjettet. I denne runden delast det ut over 60 millionar kroner til arbeidet med den norske verdsarven.

Vegaøyan Foto: Line Bårdseng, Riksantikvaren

Klima- og miljødepartementet er øvste ansvarlege myndigheit for oppfølging av verdsarven i Noreg. Fordelinga av tilskot skjer via Riksantikvaren.

– I Noreg er vi stolte av den fantastiske verdsarven vår. Stadene er viktige for heile verda, men kanskje mest av alt for lokalsamfunna som tek vare på den. Dette er lokal innsats med global tyding, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Rjukan og Notodden, Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan

Industriarven i Rjukan og Notodden vart tildelt verdsarvstatus i 2015. Tildelinga på 17, 353 millionar vil i 2020 blant anna bli brukt til arbeid med å sikre Tungtvannskjellaren.

Såheim Kraftstasjon Foto: Arnt Magne Haugen, Riksantikvaren

I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er det store behov for istandsettingsarbeid. I kulturmiljøa her er det spor etter liv og bruk i naturen, til dømes hyllegarder, løer og naust.

Tildelinga på fem millionar skal nyttast til å styrke innsatsen med istandsetting.

På Vegaøyan er det også store behov for istandsetting, og det er ei auke i søknadar til istandsettingsprosjekt. Tilskota, som i 2020 samla utgjer fire millionar, vil også gå til andre spanande prosjekt, blant anna jordkjellarkurs, tranmaling og ærfuglarkitektur.

– Kultur- og naturarv som står på UNESCO si verdsarvliste har universell tyding. Noreg er medlem av verdsarvkomiteen i åra 2017-2021, og med dette følgjer eit ekstra ansvar for å forvalte vår eigen verdsarv på ein god måte, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Vestnorsk Fjordlandskap Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

Den norske verdsarven får midlar

I Bergstaden Røros og Circumferensen skal tilskota i 2020 blant anna brukast til langsiktige ordningar knytt til bygningsarv og arealskjøtsel. Urnes stavkyrkje får tilskot til tilsetjing av unge, lokale tunvertar. På Bryggen i Bergen skal ein blant anna vidareføre store, pågående prosjekt i Bredsgården og Svendsgården. Bergkunsten i Alta i Finnmark får 4 200 000. I Finnmark står også dei fire norske målepunkta på Struves meridianboge, som får 1 565 000 kroner til arbeid med skjøtsel og formidling.

Sjå oversikt over tilskot i tabellen under.

Mottakarar Utbetaling 2020
Struves meridianboge 1 565 000
Bergkunsten i Alta 4 200 000
Vegaøyan 4 000 000
Bergstaden Røros og Circumferensen 13 200 000
Vestnorsk fjordlandskap 5 000 000
Bryggen i Bergen 13 200 000
Urnes stavkyrkje 1 235 309
Rjukan-Notodden industriarv 17 353 000
Norges verdensarv 535 000