Innlegg

Verdas fyrste heilektriske fartøy på plass i Flåm


Tysdag 8.mai inviterte The Fjords og Flåm AS internasjonal presse og underleverandørar med på ein eksklusiv tur med det nye, utsleppsfrie og heilektriske fartøyet «Future of The Fjords».

Det nyskapande fartøyet er fyrste i verda av sitt slag, og set ein ny standard når det kjem til null-utslepp på passasjerfartøy. Den 42 meter lange båten er laga av karbonfiber, har ein makskapasitet på 400 passasjerar, og er ein heilt ny standard for sightseeing design.

«The Fjords starta med ein draum hausten 2014, der ein ville betre opplevinga på fjorden for turistane samstundes som me ville tilby eit bærekraftig produkt. I 2016 lanserte me hybridbåten «Vision of The Fjords», men no er framtida her, og det er ei sann glede å endeleg få presentere «Future of The Fjords» sa ein stolt Rolf Sandvik, CEO i The Fjords.

Med på turen var fleire internasjonale og nasjonale journalistar, så vel som båtleverandør, underleverandørar og viktige samarbeidspartnarar. Fokus på bærekraft og det grøne skiftet var eit gjennomgangstema, og «Future of The Fjords» vart sett på som framtida innan norsk reiseliv og transportindustri.

Jan Kjetil Paulsen frå Bellona uttrykte stor begeistring for det nye fartøyet; «Å jobbe for ein bærekraftig turisme er eit av våre viktigaste arbeid. Det at me får ein ny «no smoking zone» med innføring av krav om nullutslepp frå turistskip og ferger i verdsarvfjordane når det er teknisk mogleg, og seinast innan 2026, er eit stort steg i riktig retning. Turistane ynskjer å besøke Norge  basert på naturskjønne bilete dei ser, no kan me vise dei verkelegheita, utan utslepp».

«Future of The Fjords» vil starte sin daglege drift på ruta Flåm – Gudvangen 15.mai.


Kilde: Flåm AS
Foto: Malene Romestrand / Flåm AS

Innlegg
Nye «glampingplasser» i Sverige
Innlegg
Norwegian bidrar sterkt til norsk turistnæring
Innlegg
Utdanning for reiseliv og naturforvaltning
There are currently no comments.