Destinasjon Eidfjord deltok på NTW Digital

Me har ikkje delteke på Norwegian Travel Workshop tidlegare, verken fysisk eller digitalt. Så dette var ein ny erfaring! Og det gjekk heilt fint! 🙂

Filmen vår som me sendte inn i forkant av NTW finn du HER

Marit hadde 23 møter over begge dagane, dei fleste var innkommande møteførespurnader. Så interessa for Hardanger og Eidfjord er stor! Sjølv om me håpar på opning for at internasjonale gjester skal kunna komma frå august/september i år, så planlegg dei fleste turoperatørane sjølvsagt for 2022 no. Det verkar som om dei fleste har måtta omstilla seg frå det typiske gruppesegmentet til å kunna tilby reiser til individuelle kundar og familiar/smågrupper.

Den digitale løysinga gjorde det enkelt å dela informasjon, bilder og nettsider til deltakarane under dei 20 minuttar lange samtalane.

No startar oppfylgjingsarbeidet – det var spesielt stor interesse for Vøringsfossen, og å få tilsendt forslag til 3 dagars program i Eidfjord, i tillegg til film/foto til bruk i eiga marknadsføring.

Og det skal dei sjølvsagt få!


Kilde: Måndagsbrev frå Destinasjon Eidfjord 19.04.2021