– Kulturhistoriske spor gjev omgjevnadene våre særpreg og historisk djupne. I dag fordeler Riksantikvaren 365 millionar i tilskot til å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Dette er pengar som går til å sikre kulturmiljøverdiar. Samstundes bidreg dei til lokal verdiskaping og gjev ringverknader i form av arbeidsplassar og stoltheit over eigen kulturarv og tradisjon, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.
Riksantikvaren har fordelt om lag 256,4 millionar kroner for året 2022, samt utbetalt 108,7 millionar frå tilsegn gitt i 2021.
– Engasjementet for kulturminne i Noreg er stort, og fleire og fleire ønskjer å sette i stand gamle hus eller engasjere seg for kulturarven i nærmiljøet sitt, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Eigarar, frivillige og lokalsamfunn gjer ein stor innsats for den norske kulturarven, slik at den også i framtida kan bestå som ein verdifull samfunns- og klimaressurs.
Riksantikvaren fordeler tilskot til fylkeskommunane og Sametinget, som så fordeler tilskota vidare til eigarar som har søkt om tilskot til ulike prosjekt og tiltak. Freda bygg i privat eige, fartøy, verdsarv og tekniske og industrielle kulturminne er blant tilskotsmottakarane i fordelinga. Fylka og Sametinget fekk inn 857 søknadar om tilskot for 2022, og totalsummen på søknadane inn til dei var på over 967 millionar kroner.
– Tilskota blir i hovudsak brukt til istandsetting og sikring av kulturminne som bygg, anlegg og fartøy og eigedommar, eller til planlegging av nye istandsettingsprosjekt, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Dette gjev oppdrag for lokale handverkarar, samt inntekter frå turisme og andre aktivitetar knytt til mottakarane sine eigedommar. Midla støttar opp om det verdifulle arbeidet som eigarane allereie gjer.
Alle fylka og Sametinget har søkt om tilskot, men ikkje alle ordningane er relevante for alle fylke. I fordelinga har Riksantikvaren lagt fleire kriterium til grunn. Blant faktorane som har vore avgjerande for Riksantikvaren si fordeling er talet på kulturminne i fylket, talet på søknadar og søknadssummen frå fylkeskommunane og Sametinget, samt fylkeskommunane og Sametinget sine eigne vurderingar og prioriteringar.
Tilskot frå postar på statsbudsjettet
Tilskota kjem frå ulike postar på statsbudsjettet som er sett av til særlege typar kulturminne som bygg og anlegg. Til skilnad frå tidlegare år blir også tilskot til verdsarv fordelt i denne potten. Difor er summen til fordeling i februar i år høgare enn på same tid i 2021, sjølv om totalsummen til fordeling for året ikkje har auka. Fordelinga i år gjev også tilsegner på 84 millionar for tilskotsfordelinga i 2023. Desse midla blir utbetalt neste år. Denne ordninga finst fordi det skal være mogeleg å planlegge økonomien i større, fleirårige prosjekt for både eigarar, fylke og Sametinget.
Fordelinga gjeld postane 71, 72, 74, 79 i statsbudsjettet og tre av ordningane på post 73: brannsikring av tette trehusområde, istandsetting av profane mellomalderbygg og konservering av ruinar frå mellomalderen.
Sjå samla oversikt over tilskota til fylka på Riksantikvaren sine nettsider.
Verdsarv
Noreg har i alt åtte verdsarvstader på Unescos verdsarvliste. Desse stadene er viktige delar av verdas kultur- og naturarv. Tilskota skal dekke både istandsetting og andre tiltak, som til dømes formidling, kunnskap og forvalting i verdsarvområda.
– Bryggen i Bergen, Røros bergstad og Circumferensen og Rjukan-Notodden industriarv får mest, seier Geiran. – Det handlar om at det her er mange bygg med store behov for istandsetting. Men både Rjukan, bergkunsten i Alta, dei vestnorske fjordlandskapa, Vegaøyan, Struves meridianboge og Urnes stavkyrkje får tilskotsmiddel. Vi gjev også tilsegner for 2023 på over 20 millionar slik at verdsarvstadane kan planlegge fleirårige istandsettingsprosjekt, samstundes som vi støttar opp under prosjekt som skal formidleverdsarven.