Myrkdalen Fjellandsby gjer seg klar for ein av dei tidlegaste sesongopningane nokosinne.
-Komande laurdag, 18. november, opnar me delar av skisenteret, og me er veldig glade for å kunna invitera gjestene våre på ski allereie no, seir John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar.
Fire heisar opnar
-Myrkdalen er kjent for å vera snøsikker og no siktar me på at skiheisane går heilt fram til mai, fortel Norheim vidare. Så langt i år har det kome lite natursnø, både i Myrkdalen og på Vestlandet elles, men så fort det blei kaldt nok heiv me oss rundt og starta snøkanonene.
Trass relativt milde vêrforhold har fjellandsbyen klart å produsera nok kunstsnø til å opna følgjande heisar og løyper:
- Myrkdalsekspressen og løype 1
- Badnabakken
- Mikkeltrekket
- Mikkelinetrekket
Begrensa kapasitet
Med desse løypene er det rigga for skimoro for både store og små, men Norheim avsluttar med eit ynskje til gjestane:
-Ver merksam på at det er begrensa kapasitet og lite snø utanfor løypene. Tenk på eiga og andre sin sikkerheit ved å køyra etter forholda og halda avstand til snøkanoner, slangar og leidningar.
Ut november er det ope laurdagar og søndagar frå kl. 09.30 – 15.30, men frå 1. desember går heisane kvar dag.
Se mer om Myrkdalen på Myrkdalen.no