Verdseliten i jibbing kjem til Myrkdalen

Myrkdalen står framfor tidenes sesongavslutning den komande veka. Ikkje berre står Open Klasse og konsertar med Michelle Ullestad og Slomosa for døra, men skisenteret er også arena for finalen i Jib League – ein ny, internasjonal Freeski-konkurranse som samlar verdas beste jibbarar.

-Me ynskte å vise takksemd for tilgjengelege offentlege parkar og for kreative, allround Freeski-køyrarar som ikkje nødvendigvis passar til den tradisjonelle konkurranseforma, så me bestemte oss for å laga ein alternativ freeski-konkurranse, seier briten James Woods, ein av mennene bak Jib League.

Saman med kompisane Øystein Bråten og Ferdinand Dahl, starta James Wood Jib League. Ein alternativ Freeski-cup som samlar nokre av dei beste utøvarane i verda. Tidlegare i vinter har cupen hatt konkurransar i Innsbruck i Austerrike og i Crans Montana i Sveits og i slutten av april samlast dei til finale som går over 3 dagar i Myrkdalen.

Nytt konkurransekonsept

Med inspirasjon frå mellom anna streetskating blei Jib League fødd for å vise kva dei beste i verda verkeleg kan gjera på ski. -Kanskje kan det bidra til at terminologien for “best i verda” endrar seg frå den tradisjonelle betydinga «beste 1 løp av 2”? lurar Woods.

I kontrast til tradisjonelle konkurransar, får kvar deltakar i Jib League moglegheit til å stemme på sine topp tre utøvarar i kvar sesjon. Skikøyraren med flest stemmer etter alle tre finaledagane står att som hovudvinnar.

Konkurransen i Myrkdalen går føre seg over totalt fire dagar. Først ut er Open Jam laurdag 22. april, ein uformell kvalifiseringsrunde open for alle. Påfølgjande onsdag startar finalerundane og fredag 28. april er det duka for den store finalen. Finalen blir eit skikkeleg show og er ope for alle som ynskjer å sjå.

James Woods, Foto: Rachel Boch
James Woods, Foto: Rachel Boch

Verdas beste på skileik

Jibbing betyr frikøyring på ski der ein står på andre overflater enn snø. Med andre ord, skileik for vidarekomne.

Og vidarekomne er definitivt deltakarane på Jib League. Den neste veka kjem ein til å finna fleire kjente namn frå godt etablerte meisterskap som OL, VM og X Games i løypene i Myrkdalen. Mellom anna dei tre karane som står bak konkurransen.

Det er ikkje heilt utan grunn at Myrkdalen vart valt som finaledestinasjon. -Myrkdalen har ein spesiell plass i hjarta mitt, fortel James Woods. -Ikkje berre konkurrerte eg her under Freeski VM, men det er også heimebanen til Klaus Finne. Eg har besøkt han i Myrkdalen for sesongavslutning kvar vår i mange år no. Det er ein vakker stad, full av vakre folk som verkeleg bryr seg om å bringe skisjela til live!

Open Klasse og avslutningskonsertar for alle

Same dag som det er grand finale i Jib League, startar Open Klasse. Den årlege skifestivalen for alle som likar å leika seg på ski. Myrkdalen har vestlandets største parkanlegg, og då er det vel berre rett og rimeleg at dette er midtpunktet ei helg i året?

Frå 28. april til 1. mai vert det open park, ulike kurs, shredding og generelt mykje moro. I tillegg er det mogleg å bli med på både yoga og topptur.

Tradisjonen tru, avsluttar Myrkdalen sesongen med utandørskonsert. I år er det talentfulle Michelle Ullestad og ørkenrock-bandet Slomosa som set punktum for ein fantastisk vinter med masse skiglede.

Program for sesongavslutninga
  • Laurdag 22. april: Jib League Open Jam
  • Onsdag 26. april: Jib Leauge dag 1
  • Torsdag 27. april: Jib League dag 2
  • Fredag 28. april: Jib League dag 3 (Grand finale) / Open Klasse
  • Laurdag 29. april: Open Klasse og konsertar med Michelle Ullestad og Slomosa
  • Sundag 30. april: Open Klasse
  • Måndag 1. mai: Open Klasse

Del gjerne!