View of Oppstrynsvatnet lake and segestad farm, Norway

Visit Nordfjord styrkjer satsinga på berekraft med ny ressurs

Alexander Fransson

Alexander Fransson har byrja i jobben som prosjektleiar og forretningsutviklar hos Visit Nordfjord, som skal utvikle og leie berekraftssatsinga i prosjektet «Merket for berekraftig reisemål» for reisemålet Nordfjord. I tillegg til å identifisere og utvikle nye innovasjonsprosjekt, som bidreg til utvikling hos våre aktører.

Merkeordninga «Merket for berekraftig reisemål» er eigd og utvikla av Innovasjon Norge, der Merkeordninga er eit verktøy for å systematisere arbeidet med berekraft på eit reisemål. Sertifiseringa er ein standard som skal oppfyllast ut frå globale bransjekrav. Standarden fungerer som ei konkret arbeidsliste og set fokus på utviklingsarbeid. Visit Nordfjord er prosjektleiar og eigar av prosessen, der kommunestyra i Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen har vedteke at Nordfjord skal arbeide med Merket for Berekraftig reisemål.

Alexander er 33 år gamal, opprinneleg frå Sverige, men flytta til Norge, Oslo i 2009 og budd der fram til våren då han flytta med samboer og eit born opp til Sandane i Gloppen der dei er i ferd med å bygge seg bolig. Alexander har tidlegare jobba mange år med sal før han tok ei Management-utdanning med spesialisering innanfor prosjekt- og endringsleiing. Ved siden av jobb studerer han ei MBA med spesialisering på relasjonar ved Nord Universitet.

«Vi fram til å få ein dedikert person i arbeidet med å sørge for berekraftig reiselivsutvikling i Nordfjord, som leiar til eit meir verdiorientert reisemål. Alexander har den rette kompetansen, og dei personlege eigenskapar, i tillegg til stort engasjement, mot og driv. Eg trur at Alexander med hans gjennomføringskraft, gode evner til å danne tillitsbaserte relasjonar og sin kompetanse kjem å kunne gjere ein god jobb for Visit Nordfjord og våre medlemer», seier dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik.

I Visit Nordfjord sitt arbeid med å skape eit attraktivt reisemål, handlar det ikkje berre om turistar. Vidareutvikling handlar om å skape, utvikle og marknadsføre gode, lønsame og berekraftige opplevingar for alle besøkande – enten dei kjem langvegs frå eller dei har adresse lokalt. Den strategiske utviklinga av Nordfjord som destinasjon skal bidra til å gjere Nordfjord til ein betre stad å bu i. Ein god stad å bu er ein god stad å besøke.

Alexander Fransson ser fram til å byrje i Visit Nordfjord og seier følgjande: «Jeg gleder meg veldig til å få komme i gang med jobben som prosjektleder og forretningsutvikler hos Visit Nordfjord, og er samtidig veldig takknemlig for å få muligheten til å gi tilbake til den flotte regionen som jeg nå bor i og bli med på denne reisen. Nordfjord er en fantastisk flott plass med masse av flotte opplevelser og aktiviteter for alle aldrer. Jeg tror at dette prosjektet med merking av Nordfjord som bærekraftig reisemål i enda større grad kommer til å positivt utvikle regionen for fremtiden, samtidig som det gjør våre medlemmer enda mere attraktive».