Håvard Nesbø digital marknadsførar i Visit Sognefjord

Vi har gleden av å informere om at vi har tilsett digital marknadsførar. Håvard Nesbø startar hjå oss 01. april og har arbeidsstad på vårt kontor på Campus i Sogndal.

Håvard vil få bl anna ansvar for SoMe marknadsføring, historieforteljing, nyheitsbrev, pakketering via bookingssystem og vere vår presseansvarleg både mht. presseturar og oppsøkande pressearbeid.

Visit Sognefjord legg opp til endra salstiltak til meir filmproduksjon, nyheitssendingar online der vi vil invitere våre medlemsbedrifter til ulike arrangement både nasjonalt og internasjonalt.

Håvard har ein allsidig bakrunn

Håvar er opprinneleg frå Svelgen, men har budd Sogn i snart 16 år. Håvard har ein allsidig bakrunn med seg i bagasjen inn til Visit Sognefjord:

Over 25 års erfaring som fotograf og filmfotograf. Dei siste 15 også som redigerar innan film.

Som frilansar innan foto og film har han levert mykje til alle dei store norske mediahusa ( NRK,TV2, VG osv). Har også i mange år jobba som locationscout og tilretteleggar for tilreisande film- og TV-produksjonar hovudsakleg i Sogn, men heile Vestland har jamnleg vore arbeidsområdet.

Har jobba sju år i Sogn Avis som journalist og fotograf og tre år i marknadsavdelinga: Har soleis ein detaljert og god kjennskap til alle bygder og mykje folk i Sogneregionen.

Dei 3 siste åra jobba som utviklingssjef i Sogndal Skisenter Hodlekve.

Vegen vidare

Vi har utfordra Håvard på å sei litt om kva han tenker no:

Eg gler meg utruleg mykje til å marknadsføre den flotte regionen me bur i her i Sogn. For meg blir det og plukke frå øvste hylle når me skal fortelja verda kvifor dei skal besøke oss.

– I 2022 kjem ein ikkje utanom dei digitale plattformene, det er viktigare enn nokon gong å synast godt der. Saman med dykk vil eg produsere innhald som syner kven me er, kvar me er, og kva me driv med.

Dei forskjellige plattformene i sosiale media er eit viktig verktøy i marknadsføringa vår. Me skal bli blant dei beste i klassen her i Sogn.

– Jobben min blir å fortelja dykkar histore gjennom tekst foto og film. Nokre verksemder er knallgode på dette, andre treng litt hjelp. Å kunne bidra til at me alle skal bli betre på eiga marknadsføring er ein viktig del av jobben. Me skal ta diskusjonen saman, me skal legge ein plan, og saman skal den utførast gjennom verktøya me vel.»

Vi gleder oss til at Håvard er på plass, og ønskjer han velkomen i Sognefjord familien 🙂

Del gjerne!