Per Brochmann

Ny konsernsjef i ARU – Norway’s best AS

Per Brochmann (52) er tilsett som ny sjef i konsernet Aurland Ressursutvikling AS og Norway’s best AS. Han er i dag CEO i Hurtigruten Destinations og Hurtigruten Svalbard.

Per Brochmann
Per Brochmann

Seinast 1. februar 2023 tek Brochmann over leiinga av eit reiselivskonsern som i eit normalår samla omset for rundt ein milliard, og har meir enn 500 heilårs- og sesongtilsette.

– Norway’s best er eit av dei mest spennande selskapa i norsk reiseliv. Eg er svært motivert for oppgåva, og ser fram til å vere med på å bygge vidare på det imponerande arbeidet som er gjort i Flåm og Myrkdalen, seier Per Brochmann.

– Vi er glade for å ha fått Per Brochmann på laget. Norway’s best skal skape konkurransekraft gjennom å bygge attraktive reisemål, produkt og konsept. Vi leverer spektakulære, naturbaserte opplevingar til kundar frå heile verda, og målet er å bli den leiande reiselivsaktøren. Brochmann har bakgrunn, erfaring og kompetanse som vil bidra til å ta selskapet mot dette målet, seier styreleiar Øyvind Hasaas.

Per Brochmann vil halde fram som styremedlem i Hurtigruten Svalbard når han byrjar som konsernsjef i ARU og Norway’s best.


Konsernet Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS. ARU eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester. ARU er også ein stor eigedomsaktør.