Ny rasteplass ved Flesefossen i stilreint design

Langs Nasjonal turistveg Ryfylke og rv. 13 mellom Nesflaten og Røldal der Flesefossen kjem ned fjellsida, opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass med stil og karakter i arkitekturen.

Med inspirasjon frå blant anna Bratlandsdalåa, Flesefossen, vann og jettegryter er det forma ein rasteplass med kurva linjeføring som tar opp i seg formasjonene i terrenget. På en plattform i betong med ein langsgåande konstruksjon i stål og tre, kan vegfarande ta seg ein god rast med flott utsikt til fossen. Eit nytt toalettbygg er innlemma i konstruksjonen. I prosjektet inngår også sittegrupper i terrenget og parkering for åtte personbilar og to bussar.

Opningsseremonien byrjar kl. 13, onsdag 7. juni.

Frå programmet:

  • Velkomen ved Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen.
  • Arkitekturen ved Dan Zohar, Haugen/Zohar Arkitekter
  • Byggeprosessen ved Helen Moen Gjuvsland, BG Suldal
  • Betydinga for reiselivet ved reiselivsdirektør Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke
  • Opning ved Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal
Flesefossen Ryfylke. Foto: Hanna Maria van Zijp / Omega 365 Design.
Flesefossen Ryfylke. Foto: Hanna Maria van Zijp / Omega 365 Design.

Rasteplassen Flesefossen er ein av seks nye attraksjonar som opnar i 2023. Inneverande år markerer  Nasjonale turistvegar dessutan 30 år med kunst og arkitektur i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.

Jubileumsmarkeringa Rast viser kombinasjonen kunst, arkitektur og reiseliv langs 18 Nasjonale turistvegar gjennom 30 år. Markeringa blir halden på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med seminar og utstilling i tidsrommet 15. – 25. juni. Les meir om 30-årsmarkeringa Rast her:

https://www.nasjonaleturistveger.no/no/30-arsmarkeringen-rast/

Del gjerne!