Ny reiselivsdirektør i Visit Sognefjord AS

Styret i Visit Sognefjord har tilsett Heidi Hauge som ny reiselivsdirektør i selskapet frå 1. januar 2022.

Heidi går frå stillinga som salssjef til direktør, og overtek etter avtroppande reiselivsdirektør Ståle Brandshaug som har leia selskapet sidan 2013.

«Dette trur eg blir kjempebra for reiselivet i Sogn, sjølv om eg er veldig audmjuk for oppgåva. Eg har lang erfaring innfor reiselivet, har vore initiativtakar og leia destinasjonsselskapet Vestkysten Reiseliv, har vore marknadssjef i Fjord1 i ti år, hotelldirektør i Florø og sete i fleire sentrale utval, både lokalt regionalt og nasjonalt», seier Heidi, som har vore med i Visit Sognefjord sidan oppstarten i 2013.

Heidi Hauge kjem til å samarbeide med Brandshaug framover for å få ein mjuk overgang,  «Det er viktig for oss å ikkje få eit opphald slik at me møter neste sesong med fullt team, seier ho».

Brandshaug har følgjande råd til etterfølgjaren og teamet rundt henne: «Hald fram det gode arbeidet. Ein av grunnane til at eg valde å trekkja meg ut no, er at Visit Sognefjord står veldig støtt, har god økonomi og full støtte i næringa og kommunane og me har klart oss bra gjennom pandemien. Me har mange flinke folk, Heidi er ein av dei, så rådet er å følgja strategiane og den gode jobben som er gjort så langt. Eg er heilt sikker på at med Heidi som direktør, så har me fått den beste løysinga, seier Brandshaug.»

Styreleiar Terje kjørnes understreker at det har vore ein grundig prosess i styret før tilsettinga, og at ein hadde ein så klar kandidat i Heidi Hauge at det vart eit relativt lett val for styret. 


Del gjerne!