Lesarinnlegg av Ove Trellevik, Liv Kari Eskeland, Olve Grotle og Lise-May Sæle
Stortinget har vedteke nullutslepp i fjordane våre frå 2030, der verdsarvfjordane skal vere spydspissar med nullutslepp frå 2026. Det er ei nasjonal plikt at vi står bak tiltaka som må til for å få dette på plass, men regjeringa spring frå rekninga.
Stortingsvedtaka som har blitt gjort utfordrar lokalsamfunna og næringslivet i dei to verdsarvfjordane våre då det manglar infrastruktur i form av straum, og skip som tilfredsstiller nye krav.
Vi har no dårleg tid til å nå målet til Stortinget, men regjeringa nektar å stille opp. Dei viser berre til tidlegare løyvingar som er gjeve i støtte og seier seg nøgd med det. Høgre meiner regjeringa må stille som garantist for dei resterande løyvingane som må til for å få til ei løysing som sikrar cruiseturisme også etter 2026 slik Stortinget har føresett.
Aurland Hamnevesen har sett seg i førarsetet og saman med andre aktørar har dei fått utarbeida ein rapport som peikar framover, og som kan gjere verdsarvdestinasjonane til dei mest berekraftige og framtidsretta reisemåla i verda. Blant tiltaka er at det må leggast til rette for landstraumanlegg. Satsinga krev statlege avklaringar og støtte til nødvendig infrastruktur.
Høgre meiner det er avgjerande at regjeringa no følger opp med midlar slik at vi kan nå det overordna målet Stortinget har sett. Føresetnaden for den meirverdien prosjektet skisserer, er at landstraumanlegget kjem på plass innan 2025. Til det treng vi statlege garantiar saman med den løyvde Enova-støtta.
Når Aurland Hamnevesen så tydeleg har vist ein veg fram til målet, er det minste vi kan gjere å stille opp. Dette er småpengar å rekne i forhold til dei ringverknadane det kan gi for lokalt næringsliv, for vårt omdømme som reiselivsdestinasjon og for vår maritime industri som får eit utstillingsvindauge.
Vi vil då tiltrekke oss verdas reinaste cruiseflåte med betalingsvillige turistar som er opptekne av rein natur, samstundes som innbyggarane er sikra reint miljø. Ein slik totalpakke som Aurland Hamnevesen presenterer har også overføringsverdi til andre reisemål, ikkje berre i Norge, men også i resten av verda. Dette kan bli ein forretningsmodell som også kan bli ein eksportartikkel.
Det er ikkje haldbart å pålegge dei viktige verdsarvdestinasjonane strenge utsleppskrav og deretter springe frå rekninga, slik som Støre & Co no gjer.
Dette er et leserinnlegg som gir uttrykk for skribenten(e)s holdninger, og ikke nødvendigvis redaksjonen.