Stalheimskleiva stengd for alle besøkjande

Frå før er Stalheimskleiva stengd for trafikk. Inntil vidare vert ho no stengd for absolutt alle besøkjande.

– Vi har full forståing for at dette spektakulære stykket veg, kalla Noregs svar på den kinesiske mur, er eksotisk for tilreisande turistar frå fjern og nær, både frå ut- og innland. Men grunna skredfare må vi diverre stengja dette unike stykket veg-Noreg for alle besøkjande inntil vidare. Tryggleiken går fyrst – alltid, seier byggjeleiar Åge Fanebust i Statens vegvesen.

Kva med sommaren?

Han har forståing for at det vil koma mange spørsmål om når Stalheimskleiva kan opna att, mellom anna med tanke på sommaren.

– Svaret er det same, og kanskje litt kjedeleg. Men vi kan diverre ikkje seia anna at enn at ho er fullstendig stengd for besøkjande inntil vidare, legg han til.

Steinsprang i vinter

Det har sidan i vinter vore restriksjonar for parkering i Nærøydalen. Årsaka var steinsprang ved brua. Bommen vart difor flytta nærare E16, slik at det ikkje vart mogleg å køyra inn i området for andre enn arbeidarar.

Dette vil seia at kun er plass til nokre få bilar mellom E16 og bommen. Også Statens vegvesen og entreprenørar har fått restriksjonar på eigen transport av tilsette og materiell.

Forbodsskilt på begge sider – både på norsk og engelsk

No viser i tillegg store skilt at det er forbode for uvedkomande å ta seg inn i området.

– Me vil på det sterkaste opmoda folk om å respektera forbodsskilta. Me understrekar at det er skilta både på norsk og engelsk på begge sider av kleiva, både i botnen (Nærøydalen) og på toppen (ved Stalheim Hotel), supplerer Fanebust.

– Me har jamnleg geologar ute, og vil opna for besøkjande når me vurderer det som trygt, avsluttar han.

Arbeidet i Stalheimskleiva

I september 2020 rasa ein fire-fem meter høg mur ut i Minesvingen, og ei gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stader med utsette murar som kan rasa ut dersom ein set trafikk på.

Statens vegvesen bestemte difor at vegen bygd i 1842-49 vert stengd for trafikk for all framtid, for dei aller fleste typar køyretøy.

Og altså: Inntil vidare også for besøkjande til fots og sykkel.

Del gjerne!