Tyrvefjøra rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardanger i ny drakt

Fredag 3. juni klipper Statens vegvesen snora til ein ny særeigen installasjon i turistvegfamilien. Det nye servicebygget langs fv. 79 er inspirert av omgjevnadene.

Med servicebygget sin særeigne og spesielle arkitektur har Helen & Hard arkitektar gitt rasteplassen i Indre Ålvik ny identitet. I tillegg til naturen på staden har arkitektane utforska geologien med sine sediment, sprekkar og foldar.

-Vi ønskte å understreke dei intime og nesten hemmelege kvalitetane til plassen ved å byggje toaletta som ein del av landskapet, fortel arkitekt Karen Jansen på Helen & Hard.

Resultatet er eit bygg beståande av tilverka furustammar og betong. Trestammane er henta frå området langs HardangerfjordenDei to bygningskroppane under den felles takkonstruksjonen har eit standard toalett og eit HC-toalett, i tillegg til teknisk rom. Taket er ein betongkonstruksjon med tilslag av grus og rullesteinar.

Peder Nernæs på Horda Tre AS gjekk i gang med gravemaskin og godt mot etter å ha fått oppdraget:

-Vi måtte ut i skogen og velte tre med maskin for å få opp den rette rota med riktig vinkel, fortel han. Etter reinsing, kløyving, vasking, tørking og impregnering sette ein saman modular av 4 – 5 stammar med festejern som vart heiste på plass og impregnerte på nytt med treolje.

Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad meiner det nye bygget er utradisjonelt, men òg delvis bygt med tradisjonelle og lokale materiale:

-Møtet mellom modernitet og tradisjon er eit godt bilete på Ålvik. I Kvam lever og bur me i eventyrlege omgjevnader. Me likar å dele denne opplevinga med andre som er på veg gjennom kommunen, fortel ordføraren i Kvam.

Opningsseremonien for Tyrvefjøra nye rasteplass byrjar kl.1300, fredag 3. juni.

Arkitekt: Helen & Hard Arkitekter / Entreprenør: Brun Bygg AS / Byggherre: Statens vegvesen / Fullført: 2022

Del gjerne!