Vi i Visit Nordfjord søker ein engasjert og framtidsretta prosjektleiar og forretningsutviklar.
Vi ser etter deg som er:
- Engasjert i berekraft, miljø og samfunnsansvar
- Evne til kreativ tenking, kreativ problemløysing og teknologiforståing
- Kjennskap til ulike prosjektverktøy
- Evne til å forankre og ta beslutningar
Krav til stillinga:
- Høgare utdanning
- Prosjektleiareigenskapar
- Kunnskap innan søknadsprosessar
- Relasjonsbyggande eigenskapar
- Kommunikasjonseigenskapar
- Analytiske eigenskapar
- Digital kompetanse
Visit Nordfjord AS er eit destinasjonsselskap, som vart stifta i 1993. Visit Nordfjord AS er eit samlingspunkt for aktørar, kommune og fylkeskommune. Vår oppgåve er å bidra til verdiskaping og sysselsetjing i reiselivet ved å skape ein attraktiv region. Visit Nordfjord arbeider strategisk og berekraftig med prioriterte arbeidsområder for å heve destinasjonen som heilskap.