Innvilga støtte frå ENOVA til å byggje landstraum til cruiseskip i Flåm

For å imøtekomme framtida og strengare krav til utslepp frå cruisenæringa, har Aurland Hamnevesen KF tidleg sett seg i førarsetet for å tilby lokalprodusert kraft til cruiseskipa som ligg til kai i Flåm.


Aurland Hamnevesen KF leverte difor ein søknad til ENOVA i april 2020, og denne er no innvilga. Støttesummen frå ENOVA er på 27 millionar. Sjølve kostnaden for anlegget er estimert til 83 millionar. Søknaden til ENOVA vart utarbeida i samarbeid med lokale aktørar, cruisenæringa og lokalt energiverk. Det at søknaden no er innvilga viser at hamna, næringa og destinasjonen stiller førebudd til å ta sin del i utviklinga mot eit meir berekraftig reiseliv i verdsarvområdet.


“Dette var ein stor og viktig nyheit for oss, og noko me har stått på for å få til. Dette viser at me er klare for ei omstilling. No lyt me finne ein balanse når det kjem til landstraumsanlegget og moglegheitene det opnar opp for. Dette då sett i samanheng med forskrifter for verdsarvfjordane og stortingsvedtaket om nullutslepp i 2026. Det som er viktig no, er at me finn ein framtidsretta veg å gå som gagnar folkehelse og miljø i verdsarvfjordane medan ein ivaretek det lokale verdiskapingsgrunnlaget.”

– Tor Mikkel Tokvam – Hamnesjef, Aurland Hamnevesen KF


Ved å etablere landstraum vil utsleppa frå cruiseskipa bli redusert med 75% på få år. Samstundes vil prosjektet bidra til meir tilførsel av straum til Flåm, og opne for elektrifisering av heile destinasjonen på tvers av sektorar.