> ## Content Index
> Fetch the complete content index at: https://www.reiselivskunnskap.no/llms.txt
> Use this file to discover other available public pages before exploring further.

# Korleis er påska for expats som bur i Norge?
- URL: https://www.reiselivskunnskap.no/korleis-er-paska-for-expats-som-bur-i-norge/
- Published: 2026-03-11T22:53:00.000Z
- Updated: 2026-03-11T23:00:22.000Z
- Author: Rune Dalfelt
- Tags: Utvalgte innlegg, Fjord-Norge, Vestland

**Når heile Noreg reiser på hytta i påska, blir mange expats sitjande att i tomme byar. No inviterer tech-gründeren Kyle, frå California, til ei alternativ påske i fjella på Voss, og startar samstundes eit nytt internasjonalt fellesskap gjennom Arctic Coliving.**

Ordet påske gir dei fleste ei varm kjensle og sterke bilete av hyttekos, appelsin i solveggen og tid saman med familie. Men for andre er påske noko heilt anna: ein tom by, inga hytte og ingen stad å dra.

I vakuumet av eit godt alternativ, vil Kyle McClenahan frå California, forsøka å byggja eit fellesskap i fjella på Voss. 

Kyle er ein av dei som opplevde at det vart for langt å reisa heim i dei korte feriane, som påska. Samstundes kjende han på eit sterkt ynske om å ta del i dei norske påsketradisjonane og om å skapa ein inkluderande stad der fleire i same situasjon kunne få same moglegheit. No bles han liv i ungdomsherberge på Mjølfjell, Voss, og skipar "Påskeferie for expats", gjennom selskapet sitt Arctic Coliving.

> From lived experience, I feel strongly about using Arctic Coliving as a platform to connect people. Connections during Easter is an essential part of Norwegian culture that is not accessible to everyone. We want to make an authentic Easter available for everybody. – Kyle McClenahan

![](https://www.reiselivskunnskap.no/content/images/2026/03/j35jila0vq7qxdmpse26f2-1-1.jpeg)

Kyle McClenahan, Arctic Coliving

Konseptet harmonerer godt med historia til Voss Mountain Lodge på Mjølfjell. Herberget vart opphavleg bygd som eit fredsprosjekt i 1939, av studentar frå 20 ulike nasjonar. At det no igjen vert samla menneske frå heile verda her med eit ynske om å byggja fysiske og meiningsfulle fellesskap – gir staden ei ny og aktuell betydning, seier **Crister Aalberg Næss leiar i** [**Visit Voss**](https://www.visitvoss.no/?ref=reiselivskunnskap.no).

![](https://www.reiselivskunnskap.no/content/images/2026/03/Arctic-Coliving_Visit-Voss_16-web-1.jpg)

Voss Mountain Lodge på Mjølfjell

****Arctic Coliving** er ein møteplass for menneske som ønskjer å kombinera arbeid, naturopplevingar og sosialt fellesskap. Konseptet legg til rette for lengre opphald der ein kan arbeida frå godt tilrettelagde arbeidsstasjonar med stabilt og sterkt internett på dagtid - og dela måltid, turar og aktivitetar på ettermiddag og kveld. Målet er å skapa ei fysisk plattform for samarbeid og nye relasjonar, på tvers av land og fagmiljø. Les mer på [Arctic Coliving](https://www.arcticcoliving.com/?ref=reiselivskunnskap.no)