Korleis har koronapandemien påverka cruiseturismen i vest?

Koronapandemien har gjort at fjordane på Vestlandet er utan cruiseskip i sommar, og ingen veit korleis åra framover blir. Kva konsekvensar har det for økonomi, utslepp og for lokalsamfunna? Det skal Vestlandsforsking kartlegge i samarbeid med dei tre fylkeskommunane på Vestlandet.

Fylkeskommunane Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal går saman med Vestlandsforsking for å studere følgjene av at cruiseskipa uteblir frå Vestlandet i 2020, og kanskje i fleire år framover. Med støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland skal dei kartlegge korleis koronapandemien påverkar cruiseturismen til Vestlandet. Prosjektet har tittelen «Effektar frå Covid-19 på cruiseturisme til Vestlandet», med kortnamnet ECOVET.

Tema

Koronapandemien har lagt ein dempar på reising over heile verda, og den norske reiselivsnæringa er hardt råka. Cruisenæringa er blant dei som har fått eit hardt slag, og ECOVET går ut på å kartlegge kva den kraftige reduksjonen i cruiseturisme har å seie for Vestlandet. Forskarane og dei tre fylkeskommunane skal kartlegge konsekvensar i samanheng med tre pilarar for berekraft:

  1. Kva økonomiske følgjer har bortfallet av cruiseturisme i 2020, dvs. kor stort er inntektstapet?
  2. Korleis er utsleppa i løpet av ein sesong med redusert cruiseturisme?
  3. Korleis reagerer innbyggjarar og norske turistar på typiske turiststader på fråværet av cruiseturistar?

Prosjektet vil diskutere berekraftig tilpassingar i reiselivet på kort og lang sikt med ei breitt samansett referansegruppe. Her møtast representantar for cruisenæringa, cruisedestinasjonar, offentlege mynde, maritim næring og forskarar jamleg i prosjektperioden.

Deltakarar

Prosjektet er forankra i gruppa som jobbar med handlingsplan for cruisestrategien på Vestlandet og forskinga utført i prosjektet skal gje direkte innspel til handlingsplanen. Prosjektkoordinator vil være Trond Amland som leder arbeidet med handlingsplanen.

Gruppa som jobbar med handlingsplanen består elles av: Beate Bergsholm (Vestland fylkeskommune), Anne Silje Sylvarnes (Vestland fylkeskommune), Lillian Sæther (Møre og Romsdal fylkeskommune) og Randi Klæbo (Rogaland fylkeskommune). Professor Stefan Gössling Vestlandsforsking vil være prosjektleiar, og ha ansvaret for dei faglege leveranse i prosjektet.

Studien er eit forprosjekt og har ei økonomisk råme på 750 000 NOK. Prosjektet startar opp i juli 2020 og går fram til mars 2021. Prosjektet er finansiert av regionalt forskingsfond Vestland og dei tre fylkeskommunane på Vestlandet.

 

 

 

Share on linkedin
Share on facebook
Share on twitter

Innholdsfortegnelse

{"cart_token":"","hash":"","cart_data":""}