No kjem Stad skipstunnel

– Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt, som er unikt i verdssamanheng. Det har vore ei lang reise, og midlane har ikkje alltid strokke til. Etter budsjettforhandlingane har det kome pengar til oppstart i 2021. Det betyr at prosjektet blir gjennomført. Dette er ein stor dag for nordvestlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Må bli godkjent av Stortinget

Prosjektet har enno ikkje vore i Stortinget. Derfor vil Samferdselsdepartementet legge fram ein proposisjon om prosjektet så snart som råd. Så snart prosjektet er godkjent av Stortinget, kan arbeidet fortsette. Kystverket trur det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021.

Eit viktig prosjekt for Vestlandet

Stad skipstunnel har vore utgreia og kvalitetssikra mange gongar. Sist i 2018. Da viste kvalitetssikringa at prosjektet ville koste 3,7 milliardar kroner. 1 milliard kroner meir enn det som ligg i Nasjonal transportplan.

Sidan den gong, har Kystverket gått gjennom prosjektet for å få ned kostnadane. I haust har Kystverkets førelegg vore på ei forenkla kvalitetssikring. Sluttrapporten var klar 5. november. Den sett fast at prosjektet vil koste 3,45 milliardar kroner.

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsministeren.

Illustrasjonsfoto: Kystverket