Ny salssjef i Visit Sognefjord AS

I samanheng med at noverande salssjef Heidi Hauge er tilsett som ny reiselivsdirektør i Visit Sognefjord frå 01.01.22, har selskapet vore i prosess for tilsetting av ny salssjef. 

Benedicte Elisabeth Stedje. Foto.: Kyrre Wangen

Me er særs nøgde med å informere om at Benedicte Elisabeth Stedje (38) blir ny salssjef i Visit Sognefjord frå 01.02.22. 

Benedicte Elisabeth Stedje (38) er busett med familien på fire i Aurland. Ho har heile sin karriere jobba med- og interessert seg for sal, mellom anna i England med 10 års erfaring frå sal innan reiselivet og i eigen bedrift. 

Etter returen til Norge jobba Benedicte med salsarbeid i A-Media konsernet før ho dei siste 8 åra har budd og jobba innan reiselivsnæringa i Sogn. Først som Salssjef i Fjordsafari Norway AS, og sidan 2017 som Sals-og Marknadssjef for Amazing Fjords AS. Som nasjonal DMC har ho skraddersydd turprogram for bedrifts- og privatmarknaden i heile Norge, men med fokus og spisskompetanse på Sognefjorden. Gjennom MICE365 prosjektet med Visit Sognefjord har ho allereie representert dei lokale reiselivsbedriftene i Sogn både nasjonalt og internasjonalt. 

Det er med stor entusiasme og audmjukheit at ho ser fram til å ta fatt på arbeidet som salssjef i Visit Sognefjord og representere alle dei fantastiske produkta og reiselivsbedriftene i Sogn. 

Tips en kollega om dette!