Utvalgt innlegg · · 3 min lesing

Norway’s best Group utvidar porteføljen med Narvikfjellet og Polar Park

Norway’s best Group utvidar porteføljen med Narvikfjellet og Polar Park

Norway’s best Group (NBG) utvidar med ein ny sterk destinasjon i Nord-Norge. I dag blir Narvikfjellet og Polar Park del av konsernet sin produktportefølje. Med dette styrkar NBG sin posisjon som ein leiande aktør innan norsk reiseliv, satsinga på heilårsturisme, og våre gjester sin tilgang til unike naturopplevingar i nord.

– Narvik har eit stort potensial som heilårs reisemål for både norske og internasjonale gjester. Med vår erfaring frå strategisk reisemålsutvikling og lokal verdiskaping, ser vi fram til å utvikle Narvik saman med nye kollegaer og lokale aktørar. For oss handlar dette om å bygge vidare på det gode som allereie er gjort, ikkje om å starte på nytt, seier Per Brochmann, konsernsjef i Norway’s best Group.

Brochmann dreg særleg fram kombinasjonen av natur, attraksjonar og strategisk plassering som grunnlag for vekst.

– Desse faktorane gir unike moglegheiter for utvikling av heilårsprodukt med fjord, fjell og arktiske opplevingar. Gondolen gir besøkande utsikt til fjell, fjord og nordlys, mens Polar Park tilbyr nære møte med arktisk dyreliv. Saman utgjer dei ei opplevingsplattform som vi gler oss til å vere med å vidareutvikle. Med Narvik får vi eit tydeleg nordleg ankerpunkt i vår portefølje, seier Brochmann entusiastisk.

Styrkar posisjonen som heilårstilbydar av opplevingsbasert turisme

Med Narvikfjellet og Polar Park i porteføljen, vil Norway’s best Group tilby eit heilskapleg spekter av heilårs, naturbaserte reiseopplevingar frå vest til nord. Vår breie portefølje gir gjestene moglegheit til å oppleve det beste av Norge gjennom éin samla aktør.

Det handlar om meir enn å berre utvide porteføljen.

– Dette er ei strategisk satsing som gir oss fleire bein å stå på. VM i alpint i 2029 vil vere ein katalysator for utviklinga av Narvik som reisemål. Vi ønsker å bidra med kompetanse, kommersiell kraft og internasjonal distribusjon, men også med langsiktigheit. Ambisjonen er berekraftig vekst, fleire heilårs arbeidsplassar og regional verdiskaping, held Brochmann fram.

Ein viktig dag for Narvikregionen

Forte Narvik, ei stifting etablert av Sparebanken Narvik i 2011, har vore ein pådrivar for utviklinga av Narvikfjellet og Polar Park.

– Dette er ein stor dag for Narvik og regionen. Vi har investert mykje i Narvikfjellet, men har lenge sett behovet for ein sterk industriell partner som kan løfte både Narvikfjellet og Polar Park vidare. Med NBG får vi ein aktør med solid erfaring frå blant annet Flåm, Myrkdalen og fjordcruise. Vi er trygge på at dei vil bidra til å realisere potensialet vi har her i nord, seier Roger Bergersen, styreleiar i Stiftelsen Forte Narvik.

– NBG tilfører kompetanse, kommersiell kraft og eit internasjonalt nettverk som gir Narvik ein ny posisjon på reiselivskartet. Dette er ei tidleg julegåve til heile regionen, avsluttar Bergersen.

– Forte Narvik har saman med medeigar Tian Utvikling i Harstad bidrege til at verdens nordlegaste dyrepark, Polar Park, har auka attraksjonskrafta i alle kundesegment. Vi er stolte over kva vi har fått til, og fornøgde med å kunne selje til ein aktør med endå betre føresetnader for å lukkast i ein internasjonal konkurranse, seier Ragnar Norum styreleiar i Polar Park AS.

Narvik er eit strategisk og framtidsretta val for NBG

Brochmann poengterer at Narvik har alt som krevjast for å lukkast som heilårsdestinasjon; sterkt lokalt engasjement, spektakulære attraksjonar og gode transportforbindelsar med direktefly frå Europa, tog til Sverige og aukande cruiseanløp. I tillegg kjem investeringar på over 712 millionar kroner i samband med Alpin-VM 2029.

Narvik har allereie sterke opplevingar som trekker besøkande. NBG vil vere med å vidareutvikle dette.

– For oss handlar reiseliv om meir enn besøkstal. Det handlar om langsiktig utvikling, å ta vare på naturen og bygge levande lokalsamfunn. Vi gler oss til å skrive neste kapittel saman med Narvik, avsluttar Brochmann.

ℹ️
Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS. NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50 % av selskapet som driv Flåmsbana. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader, 2 bakeri og kundesenter. Konsernet har ein årleg omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 million gjester.